Produkter

Egg
I hynshuset har me 7500 frittgåande hyns som kjem frå Steinsland & Co. Hynsa held til i eit aviarsystem. Det vil seia at dei beveger seg fritt rundt og kan gå inn i eigne verpekassar, strøbada på golvet og dei har diverse vagl i fleire etasjer. Me har installert ultrafiolett breispektra lys som er eit mykje meir behageleg lys for dyra.
Hynsa får eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr som me har laga i samarbeid med Felleskjøpet. Det inneheld mellom anna tagetes og paprika.
I tillegg gjer me dei eigenprodusert grovfor og ulike matvarer som ikkje eigner seg for sal i butikk – det kan væra gulrøter, paprika, tomat, agurk, kålrot, lauk, raudbete og brød. Dette gjer me for å aktivisera dyra og for å få meir farge på plomma.
Jærske Egg har ei ekstra gul plomme som inneheld meir vitamin A og smakar betre!
Nortura på Kviamarka pakkar egga i 10-pakningar. Kartongen er teikna av Anette Moi og designa av Skarp Reklamebyrå.
Dei gode jærske egga finn du i alle Coop butikker i Sør Rogaland; Mega, Obs, Extra og Prix.
Kvifor velja Jærske Egg?
- Lokalprodusert
Kyllingane kjem frå nabogarden Steinsland & Co, hønene verp på Line, egga blir pakka hjå Nortura i Kviamarka og køyrt direkte til Coop sitt lager i Stavanger - Dyrevelferd
Hønene er frittgåande og blir aktivisert på ein god måte. Dei får blant anna dagsgamle brød frå Coop Obs Bryne kvar dag - Ekstra gul plomme
Kraftfôret inneheld tagetes og paprika for ei ekstra gul plomme

Storfekjøt
På Line Gard lev kyrne eit godt liv med spesialtilpassa for slik at me kan levera kjøtt av beste kvalitet til bevisste kundar.
Me har 25 ammekyr av diverse angusblandingar som blir bedekka av ein wagyu okse. Kalvane går med mora heilt fram til dei blir slakta. Me har eit samarbeid med Nyyyt som videreforedler og sel dette spesielle kjøtet til restaurant-, butikk og privatmarknaden. Wagyu er ein japansk kvegrase som går for å ha verdens mest marmorerte og beste kjøt.
Forutan kyrne har med ca. 200 ungdyr som anten går til rekruttering eller til slakt. Me har ca 120 kalvingar i året.
Melk
På Line Gard går kyrne fritt i eit lausdriftfjos og blir mjølka automatisk av ein Lely melkerobot når dei ynskjer. Me blandar eigenprodusert grovfor og korn, og i tillegg får dei litt potetslurry frå Hoff, mask frå bryggeria Rygr og Brix, og protein- og sukkerkonsentrat frå Tine. Dei blir fora automatisk mange gonger i døgnet og et når dei sjølv vil. Me har 65 melkekyr (norsk raudt fe) som til saman produserer 550 tusen liter melk i året. Melka sel me til Tine Meieri.

Sau
Line Gard har også 25 sauer som me nyttar til beitepleie – sauene hjelp oss å halda beitene frie for ugras. Me har lemming ein god månad rundt påsketider. Sauene får som regel to lam kvar. Til hausten blir lamma slakta.

Halm
På Line Gard driv me ca. 1000 dekar. Halvparten av arealet blir brukt til gras, resten blir brukt til kornproduksjon og til beiter.
Me legg gras og korn i plansiloer og brukar så lite rundballer som mogleg for å unngå unødvendig bruk av plast. Dersom veret tillet det, lager me små halmballer for salg. Dette er populært for dei som driv med hest, kalv, lam og kaninar.