Om oss

I utkanten av Bryne, midt i matfatet på Jæren ligg Line Gard. Det har vore gardsdrift i fleire generasjoner på Line Gard. Dagens eigarar har drive Line Gard sidan 2000, men garden har vore i familien sidan 1886! Garden ligg kun eit steinkast frå den kjente husmannsplassen Træe på Line, som er frå 1870 og truleg er det mest malte og fotgraferte huset på Jæren.

I dag er Line Gard ein familiedriven gard, som består av storbonden, bondekona og våre tri born. Me legg mykje arbeid og prestisje i å driva bærekraftig og levera mat som held særs høg kvalitet.

På garden har me kyr, sau og høner. Me er stolte produsentar av kjøt til Prima Jæren og Nyyyt, egg til Nortura og melk til Tine.

Følg gjerne det daglege livet på Line Gard på Facebook og Instagram.

Kontakt oss

Send oss gjerne en melding.

Not readable? Change text. captcha txt