Line Gard blir drive av stolte bønder på Jæren. På garden har me melkeproduksjon, ammekyr, sau, egg og korn. Familien består av storbonden, bondekona og tri born.
Jærske Egg i salg i Sør-Rogaland
Denne hausten har Line Gard i samarbeid med nabogarden Slethei Gard, lansert Jærske Egg i alle Coop-butikker i Sør-Rogaland; Mega, Obs, Extra og Prix.

Om oss
I utkanten av Bryne, midt i matfatet på Jæren ligg Line Gard. Det har vore gardsdrift i fleire generasjoner på Line Gard. Dagens eigarar har drive Line Gard sidan 2000, men garden har vore i familien sidan 1886! Garden ligg kun eit steinkast frå den kjente husmannsplassen Træe på Line, som er frå 1870 og truleg er det mest malte og fotgraferte huset på Jæren.
I dag er Line Gard ein familiedriven gard, som består av storbonden, bondekona og våre tri born. Me legg mykje arbeid og prestisje i å driva bærekraftig og levera mat som held særs høg kvalitet.

Adresse
Hauglandsvegen 60
4346 Bryne
Kontaktpersonar
Heidi Line
Bondekone
Tlf. 996 07 510
frulinegard@gmail.com
Jon Line
Storbonde
Tlf. 996 07 511
linegard@gmail.com
Opningstider gardsutsal
Onsdag 10 – 18
Torsdag 10 – 18
Fredag 10 – 18
Laurdag 10 – 16
Sundag 12 – 16
Velkomen!